Godt tiltak! Slike konkurransar har ein tendens til å bli reine popularitetskonkuransar etter kvart, så
kva om vi lar vere å nominere spelarar i eigen stamme?
Mi liste i tilfeldig rekkefølge. Det er ikkje alle her eg ville omtalt "Tribal Wars Champion", men alle her fortener omtale:
Gunnar Gås/Ex-con - Vore i stamme med han og vore fiende med han, moro begge deler. Ekspert på sniping, og kan vel det meste som er verdt å vite om tw.
Geronimo - Alltid vore i både ODA- og poeng-toppen. Har inntrykk av at Geronimo har vore inaktiv i lengre periodar både i sommar og i haust, så kunne nok lett vore enda høgre på alle ranglister.
Larsal (den originale, men den nye gjorde ein bra jobb han og) - Kjempetalent som gav seg alt for tidlig. Så vidt eg har forstått så var han så å sei heilt fersk da v3 starta, men lærte seg alt elementære med ein gang og det tok ikkje lang tid før han hadde ei forståing av spelet som andre brukar årevis på å aldri klare å tileigne seg.
Zarazel - Artig kar som har stor kunnskap om spelet. Vil tippe han har litt av æra for larsal sin suksess.
Kemp/rocketman - Sidan det ikkje lenger er kemp som spelar på rocketman-kontoen, så føler eg det er grei å ta med han og sjølv om vi var i same stamme. Kemp er definisjonen på brute force. Ink frå kemp er ikkje noko ein tar lett på. Kunne vel ha holdt ut ganske mykje lenger om han hadde gidda å lære seg å bruke scripts. Å ha 250 byar og vere heilt i toppen av ODA rangen uten å bruke scripts er ein sinnsjuk prestasjon.
Sharpy (Orginale) - Hyperaktiv. Hadde stort potensiale. Var god til å farme og vaks fortare enn dei fleste. Kunne nok nådd litt lenger hadde han vore litt mindre arrogant og tatt til seg lærdom frå andre spelarar. Huskar eg var sjokkert over troppeoppsett da eg var kv. Men så absolutt kjempepotensial på denne pjokken
Jabberwockey - Vaks fort i starten og gav god motstand da vi i hz bestemte oss for å ta han ut. Han hadde visst funne ut at fakkelitemen var heilt ok i forsvar gitt
Aker99 - TWK now also available with ODA! TWK folka har alltid hevda seg på poengranken, men no har Aker99 jobba seg opp i toppen av ODA-ranken og.
Uglesuppe/yusuflinnerud - yusuf hadde ein konto i starten av v3 som han fekk til å vekse bra fort, diverre så gjekk kontoen grå etter noko kv-krøll så vidt eg veit. Var borte frå v3 ei god stund, men kom tilbake ved å overta uglesuppe-kontoen. Dette i følge yusuf fordi han ville ha litt utfordring (Uglesuppe er i ~vk-e~ som krigar med dogz, om nokon lure). Stor respekt for dette. I tillegg har han hatt ein heftig vekst sidan han starta, vel mykje grått og internadlingar, men dog, han er vel ein av dei få med positive stats mot dogz
Bambam - Starta rett ved kemp/rocketman, så hadde ein ganske tøff start. Restarta til slutt om eg ikkje hugsar feil. Etter det har han vokse bra og har ein veldig bra ODA i forhold til poeng. Ut frå det eg har sett han poste på forum så har tileigna seg bra kunnskap om spelet. Trur dette er ein spelar med potensiale.
Er nok fleire som kunne vore nemnt her. Sikkert nokre fleire frå yakuza og kanskje nokre frå nn/bos. Men vil ha lunsj no