Ga meg jo her for ei god stond sia, men vi slenger på nokre ord fordiom
Group #1
competitor #1:
Three Are Legend
competitor #2: FylleSamen
Kanskje den som stikk av med seieren? Trio med svært gode folk, stiller opp for stammen og er aktive til einkvar tid. Gode til å motivere også. Allikavel ein vanskelig kamp, Fyllesamen kontoen har hatt samme stilling med stor front, og har og betydd mykje for OIM og Nice i si tid. Are og Kvæna som sitt her (?), ut frå mi kunnskap klasse frå ende til anna, men hårfin seier til TAL.
Group #2
competitor #1:
Krokanrull
competitor #2: Terminator
Krokanrull kontoen var jo lenge den som leia Nice, og kriga som ein gal mot Power/ODA. Zippy er jo long gone, men Roger held koken fortsatt. Er vel kanskje den viktigste brikka i OIM sitt nylege framrykk i krigen. Har dessverre ingen kjennskap til den/dei nye på Terminator, så er spent på kva som kjem frå den sida framover, men historisk sett så går det ganske klart til Roger.
Group #3
competitor #1:
Ram77
competitor #2: melkerull
Melkerull har eg sørgelig lite kjennskap til. Eg veit at det var ein av kontoane som var på KV deling rundt den store Nice depresjonen. Var vel kanskje v19 som freista. Eg har ikkje følt at dei har gjort fullt så mykje ut av seg som kunne ha vore gjort, men det har vel noko med skiftig av eigarar å gjere. Eg er ikkje i tvil om at denne kontoen kunne komt langt lenger, hadde berre eigarane holdt ut lenger. Denne seieren må nok gå til Ram. Seigt kvinnfolk, utholden, erfaren, motiverande og har det som trengst for å slå Melkerull 1v1. Er nok uthaldet som hadde blitt utslagsgivande der.
Group #4
competitor #1: Bodyguard
competitor #2:
Magic dude
Hadde gleden av å spele i kort stond mot begge to, og kort med og. Bodyguard har måtte kjempa på to fronter så har sann sett vore hemma, men klarer allikavel å holde presset oppe mot kven det skal vere. Har også klart seg relativt godt mot OIM i det siste. MD er jo litt opptatt stakkars, men gi han permisjon og så skal du leite lenge etter ein meir verdig motstandar. Er utan tvil den som har gjort at ODA har komt seg dit dei er idag. Utmerka stammeleiar, men også svært sterk inviduelt. Kampen mot Fiskars var i klasse for seg.