Nest etter moral og etikk, er aristokratiet i Hyperaktiv mest opptekne av narsisme. Etter å teke ein debatt kring etikk og spam, har vi komme fram til at vi kan akseptere spaming så lenge det er spam om oss! (Og særleg spam om kor bra vi er)
Etter å ha lest dei siste innlegga i denne tråden, kan vi vonbrotne konstatere at denne tråden har utvikla seg til å verte spam om noko anna enn oss!
Etter å ha tatt ctrl-f-"Hyperaktiv owns", ctrl-f-"Hyperaktiv must have teh awesome-syndrome" og andre søkeord som burde ha gjeve treff, ser vi i aristokratiet oss nøydde til å ta affære.
Hyperaktiv erklærer med dette krig mot alle som, etter denne posten, spammar denne tråden med postar som ikkje er relatert til Hyperaktiv og/eller vår erklæring mot "Hypermakten"
Det er sjølvsagt synd at vi må ty til slike drastiske verkemiddel, særleg no med denne akk så skjøre våpenkvila mellom partane, men vi ser inga anna løysing. Og vår integritet er nokså langt oppe på lista over ting vi i aristokratiet er opptekne av. Kanskje nest etter narsisme.
På vegne av Hyperaktiv
dommola