No er det lenge sidan eg har spelt her på .no og betalt premium, så dette er ikkje noko som har plaga meg, men eg vil likevel kaste meg inn i debatten og gi mi fulle støtte til bambam og co.
Eg er faktisk ganske sjokkert over kor arrogant teamet oppfører seg i denne saka. JA det er kun ein dag, men kva pokker betyr det?
La meg illustrere: Kva om teamet hadde bestemt seg for at det skulle vere fred i heile juli. Kor mange hadde betalt premium den mnd? Betrakteleg mindre vil eg tru. Det er det som er poenget her.
Og, alle som ikkje er heilt tette i toppen burde innsjå at denne diskusjonen ikkje eigentleg handlar om småpengar, men om prinsipp. Eg har sjølv utallige gonger irritert meg over dette overformynderiet teamet bedriv ved å bestemme når det er greit og når det ikkje er greit å spele. Og det er det denne diskusjonen eigentleg handlar om. Kva er argumentet for fred på 17. mai eigentleg? La meg gjette: Fleirtalet har andre planar den dagen. Ok, eg skal avsløre noko, fleirtalet har alltid andre planar enn å spele tw. Om det skulle vore fred kvar gong fleirtalet var opptekne med andre ting så hadde det vore fred 24/7. Tenk over det.
Sjølv feirar eg alltid 17. mai, jul og påske med familien, uten tw, men det betyr vel ikkej at alle andre MÅ gjer det same. Faktisk var det i romjula 2009 at eg mista dei einaste byane eg nokon sinne har mista uten å ta tilbake. Nettopp fordi eg var med familien heller enn å passe kontoen. Syns eg det var kjipt av angriparane å angripe akkurat da? Ja. Syns eg det burde vore fred? Nei! Eg hadde glede av mitt val av å vere med familien, også får eg heller håpe angriperane hadde glede av sine val