Eg synest heile denne greia er opphausa til langt over normale grenser.
Kom igjen folkens, dette er berre eit spel! Kvifor så mykje oppstyr?
Klart det var kjipt for DN at to medlemmer hoppa over til fienden, og tilsvarande var det kjipt for IP å sjå at dei gjekk tilbake, men det er jo ingen ting å ta på veg for?
Det eg reagerer veldig sterkt på her er all skittkastinga og alle personangrepa som florerer på forumet. Dessverre er dette forumet ein arena for trakassering og mobbing. Eg kjenner ikkje Zippy, så eg kan ikkje uttale meg om det som blir sagt, men uansett om det ligg sannheter bak det, så høyrer det ingen plass heime å rakke ned på han på den måten som blir gjort her.
Eg må også seie at eg reagerer veldig sterkt på Scar som er moderator her på forumet. Du må hugse på at moderator-rollen er ein betrudd stilling som medfører eit klart ansvar. Med kva grunnlag kan du sitte og rakke ned på Lady Ibex slik som du gjer? At vi som er vanlege forumbrukarar går over streken av og til er kanskje forståelig, men moderatorar og medlemmer av teamet kan ikkje tillate seg ein slik oppførsel!
Når det blir satt fram klager om at enkeltpersonar er svikefulle og driver med backstabbing, så flyttar vi dette vekk frå å vere eit uskyldig spel til å bli ein arena for personlige maktkampar. Det er slikt som dette som er uærleg spel.
At ein stamme rekrutterer seg til seier, eller gråbyhorer seg til seier er ein del av spelet. Kall det uærleg eller ikkje, men det er innanfor rammene av spelet. Skittkasting og mobbing av personar høyrer derimot ikkje heime nokon plass, og aller minst i eit slikt spel som dette. Mange av oss er godt voksne og bør kunne takle dette veldig bra, men vi må ikkje gløyme at mange spelarar er heilt nede i barneskule-alder. Det er også mange i voksen alder som blir såra av personangrep.
Vil vi virkelig tillate at slik oppførsel får florere her inne?
Vil vi virkelig at den kommande generasjon skal bli opplært til å hate kvarandre fordi ein har tapt i eit spel?
Nei, det er i alle fall ikkje slik eg vil ha det. Eg vil at vi skal kunne spele saman og ha det gøy på tvers av stammene. Vi skal kunne krige, samarbeide, ja til og med skifte side... utan at nokon skal stemplast som uærlege og backstabbarar.
Gjennom eit par år med speling på .no har eg fått med meg at enkeltspelarar på .no (som også spelar på V9) er stempla som foræderiske, og eg veit at det blir jobba bak kulissene om å utføre hevn mot enkeltspelarar. Eg veit også at det har vorte utført truslar mot enkeltpersonar sitt virkelige liv utanfor spelet.
SKJERPINGS folkens. Dette er eit spel. Ikkje ein kamp-arena.
For dei som måtte vere i tvil, så er dette utbruddet mynta på alle, heilt uavhengig av stamme, og faktisk på tvers av alle serverane på .no.
Når det gjeld V9, så ønsker eg lykke til med innspurten fram mot seier
Det er ikkje lenge igjen no. Det ser ut til at DN vinner, og sjølvsagt vil eg i så fall gratulere dei med seieren. Måten dei har vunne på bryr eg meg fint lite om, for alt som har skjedd er innanfor reglane i spelet.
Difor håpar eg at eg slepp å sjå medlemmer frå min egen stamme (IP) rakke ned på DN dersom dei no klarar å vinne.
Eg håpar også eg slepp å sjå andre rakke ned på oss dersom vi skulle klare den vanskelege oppgåva å slå DN på mållinja.